Stacks Image 13

Oppdateringar

Bestilling av camping på stemneplassen
Hei - Då har me nokre områder klare for oppstilling av bil og campingvogner under NM, og det er frå no av mogeleg å reservera plass.

Bruk mailadressa: camping@fjordhestnm.no

I tittelfeltet skriv du "Camping stemneplass", og i meldinga er det viktig å få med type kjøretøy, lengde x bredde, kjennetegn og ankomst/avreisedag (eks man/lør el søn/søn)

Mvh NM komiteén

Viktig melding: Ny dato for Fjordhest NM 2018
Fjordhest NM 2018, som skulle vore halden 02. – 08 Juli, må diverre flytte ei veke tilbake på grunn av at det skal arrangerast Prøve Nordisk i kjøring i same tidsrom. Dette er et CAI stevne som er meldt inn til FEI, og NRYF kan ikkje godkjenne at to slike arrangement går samstundes.

Vi er derfor blidt bedt om å flytte Fjordhest NM 2018, og har valt å flytte arrangementet ei veke tilbake, slik at ny dato for Fjordhest NM 2018 blir


25. Juni til 01. Juli

Me beklagar på det sterkaste dei ulempene dette måtte medføre for dei som allereie har gjort forberedelsar til NM, og håpar me ser dykk på Stord denne veka.

Mvh NM komiteén

Mailadresse til Fjordhest NM
Du kan no kontakte oss på mail, og om du har eit spørsmål vedrørande Fjordhest NM 2018, så er adressa:

post@fjordhestnm.no

Camping på stemneplassen og alternativ overnatting
Me jobbar med desse sakene, og vil åpne opp for bestilling av camping / biloppstilling den 1. november. Me satsar også på at innan den tid skal me ha fått på plass ein avtale om overnatting for einskilde eller grupper på ein skule eller forsamlingshus i nærleiken.

Me held dykk oppdatert så snart me veit noko meir om dette.