Stacks Image 13

Velkommen til Fjordhest NM 2018

Stacks Image 21
Stacks Image 26
Stord Hestesportlag har i samarbeid med Stord Hestesportsenter gleda av å invitere til Fjordhest NM 2018, som blir arrangert frå 25.06 til 01.07 på Stord.

Stord Hestsportlag vart stifta i 1976, og har i dag ca. 200 medlemmer. Det er medlemmer i alle aldersgrupper, og det er mange aktive medlemmer innan sprang, dressur og kjøring, der fleire deltek både på distrikts-, lands- og elitenivå. 

Stord Hestesportlag er eit lag i vekst, og me arrangerer pr. i dag distrikts- og landsstevne i sprang, dressur og kjøring. Hausten 2017 skal me også ta del i NRYF sitt klubbsatsingsprogram. 

Stord Hestesportlag har sin base på Stord Hestesportsenter, på Tyse på Stord. Hestesportsenteret har hatt ein enorm vekst sidan det vart reist i 2013/2014, og hausten 2016 vart Stord Hestesportsenter utvida i samband med kjøp av naboeigedommen, det tidlegare Islandshestesenteret. Dette gjorde sitt til at Hestesportsenteret i dag kan skilte med eit unikt anlegg med stort potensiale, og eit ønskje om å kunne leggje til rette for det meste innan hestesport.

Etter kjøpet av naboeigedommen har Stord Hestesportsenter i dag stallplass til 55 hestar, 2 ridehaller - ein på 22 X 62m og ein på 20 X 40m. Me har 1 utebane på 40 X 60m, og innan Fjordhest NM 2018 vil me ha klar ein ny stor utebane på 50 X 120m.  
Den nye utebanen vil bli hovedarena under Fjordhest NM, og ligg midt i mellom dei to ridehallane. Me har eit kompakt anlegg der alt ligg innan ein gangavstand på 5 min.
Stacks Image 41
Stacks Image 39

Foto: © Tonje Reikerås